Nye takter

Jazzklang

Musikken til pianist og komponist Christian Wallumrød har mange kjennemerke. Eitt er klangen.

Når han på «Kurzam and Fulger» (Hubro/Musikkoperatørene) avsluttar siste spor med «Kurzam und Onward», er det med eit tema like karakteristisk som opningssporet «Haksong».

Med eit rytmisk tema med sterke pianoklangar drar han deg inn i ei spennande verd han har dyrka gjennom Christian Wallumrød Ensemble, som med nær same besetningar gav ut fem album på ECM med felespelar Gjermund Larsen. Hubro-ensemblet no er med Eivind Lønning trompet, Espen Reinertsen saksofon, Tove Törngren på cello og Per Oddvar Johansen på trommer.

Men Wallumrøds legendariske ECM-debut «No Birch» var i 1998 i trio med Arve Henriksen og perkusjonist Hans-Kristian Kjos Sørensen. Samtidig med at han saman med Ingebrigt Håker Flaten og Per Odvar Johansen starta legendariske Close Erase.

Ein gong kalla eg dei som kom opp under tusenårsskiftet den sjølvsikre jazzgenerasjonen. Wallumrød er ein av dei, ein ekte jazzklang-musikar.

Livet etter Haden

Charlie Haden er død, men musikken lever vidare på albumet «Time/Life (Song for the Wales and Other Beings)», innspelt av Haden og hans Liberation Music Orchestra. Haden og Carla Bley ønskte å setje fokus på miljøet, og fire år seinare spela dei på Jazz Middelheim Jazz Festival i Antwerpen. Med Miles Davis/Bill Evans’ «Blue In Green», to låtar av Carla Bley, inkludert legendariske «Utviklingssang», Konserten vart avslutta med Hadens «Song for The Whales». Han rakk ikkje å spele inn alt i studio, og det er konsertopptak frå belgisk radio som er grunnlaget, for eit stort gjenhøyr med ei musikalsk legende.

Madeleine er her

Madeleine Peyroux markerer tjueårsjubileet sitt som plateartist. Med handplukka songar og gitarist Jon Herrington og bassist Barak Mori attåt, har det blitt eit strålande, laidback, bluesy album av beste Peyroux-merke.

Mer fra Dagsavisen