Nye takter

Jazz på lys dag

Den amerikanske pianisten Craig Taborns nye album er eit musikalsk festmåltid.

«Daylight Ghost» (ECM/Musikklosen) heiter plata, med saksofonisten og klarinettisten Chris Speed, Chris Lightcap bass og Dave King trommer. Sist vi høyrde Taborn live var på solo piano på Victoria i Oslo. På «Daylight Ghost» møtest musikarar som ikkje spelar i munnen på kvarandre, men med ulike innfall talar når det trengst. Det er hans tredje album på ECM, der han i 2011 spelte solo piano på «Avenging Angel», i 2012 i trio. Fødd i 1970 i Detroit var han først å høyre på ECM med sitt idol, saksofonisten Roscoe Mitchell. Dette er hans sjuande album som leiar, og han har ei enorm merittliste, inkludert Eivind Opsviks plater «Overseas I» i 2002, den andre i 2004.

På «Daylight Ghost» spelar fire musikarar med bakgrunn over eit stort spektrum. «Melodisk» er eit enkelt ord å ty til, her er det samspelet gjennom ulike konstellasjonar, kollektiv improvisasjon som ikkje betyr kollektivt kaos, men tvert om. «Sonic Fluidity» heiter det, frå Taborn som har spela på album med Michel Forman, David Torn, Evan Parker og Ches Smith. Balladen «Jamaican Farewell» på altsaksofon er ein tributt til komponisten, Roscoe Mitchell, og prikken over i-en på Taborns plate.

Krokofant den tredje

«Krokofant III» (Rune Gramofon/Musikkoperatørene) er det tredje albumet frå eit band som starta som ein duo då gitaristen Tom Hasslan møtte trommeslagaren Axel Skaland på ein gitarbutikk på Kongsberg, og byrja å spele saman. Det gjekk så bra at dei i 2012 fekk med seg saksofonisten Jørgen Mathisen, og dei erobra eit entusiastisk publikum med sitt fandenivoldske spel. Superlativa sat laust, også herifrå, etter nok eit strålande album med låtane «Tommy Synth», «Clazz», «Juice», «Double Dad» og «Wrong Turn»!

Når ACT Music fyller 25

For 25 år sidan starta Siggi Loch plateselskapet ACT, no feira med nye utgjevingar. «Hà Nôi Duo» (ACT/Musikkoperatørene) er med den vietnamesiske gitaristen Nguyên Lê med gjester, mellom dei trompetisten Paolo Fresu.

Mer fra Dagsavisen