Nye takter

Jazz og silke!

Bandet heiter Kirsti, Ola & Erik, plata «Rags & Silks», og er det noko som heiter jazz og silke, er det dette.

Med tittelen «Rags & Silks» (Propeller Records/Musikk-operatørene) signaliserer songar og harpespelar Kirsti Huke, spelemann Ola Kvernberg og trommeslagar Erik Nylander at det både tekstilt og musikalsk vil bli blanda vare. Ein nydeleg konsert servert av tre musikarar som har bladd i songbøker og laga plate med coverlåtar, framført med musikalsk eleganse både vokalt og musikalsk. Med Kvernberg klimprande på fela, Huke med lys og klokkerein stemme og Nylander med slagverk av enklaste sort, opnar vi med «The day Before» av Ulveus og Andersson. Med songar av Brian Wilson, Tom Waitz, Nick Drake, Nick Cave, Massive Attack og Lou Reed, med vokal og stilfull instrumental vekselbruk heile vegen, byter musikken roleg ham frå song til song, tindrande vakkert.

Ein personleg favoritt er Nick Caves «Into May Favorite». Favoritten heile vegen er Kirsti Huke, som enno ein gong viser sitt format som songar og utøvar, i ein trio i perfekt musikalsk samforstand.

Frå Hedmark med jazz

Før jul dukka han opp på Herr Nilsen eit steinkast frå jobben min. Dit kjem det rett som det er både danske og svenske jazzmusikarar, denne gongen i bandet til gitaristen Svein Rikard Mathisen frå Hedmark. Eit ungt talent som no kjem med det sterke albumet «Copenhagen Diaries» (Curling Legs/Musikkoperatørene), med William Larsson (piano), Paul Hinz på bass og Andreas Fryland på trommer. Musikk skriven dei fem åra han budde og studerte i Danmark, og det er moderne gitarjazz i ein tradisjon som stadig lever. Frå ein målmedviten musikar vi vil få høyre meir frå.

Nabovarsel, get Carter!

Produsent Lucas Schmid i det tyske WDR storband fekk endeleg overtalt bassist Ron Carter (78!) til å gjere ein storbandproduksjon med Carters musikk, med han sjølv på bass. «My Personal Songbok» (In & Out/MusikkLosen) er her, og det vil spelt mykje høg musikk der eg bur!

Mer fra Dagsavisen