Nye takter

Jazz med sjel

Det byrja med ein song for filmskaparen Tarkovsky. No kjem Tarkovsky-kvartetten med sitt tredje album.

«Nuit Blanche» (ECM/Musikklosen) heiter plata der pianisten Francois Couturier arbeider vidare med eit prosjekt han starta i 2005 med «Nostalgia – Song for Tarkovsky». Han heldt fram med albumet «Tarkovsky Quartet» i 2009 med fiolinisten Anja Lechner og Jean-Marc Larché på saksofon. Med den russiske Tarkovsky i namnet blir ein mint om filmen «Stalker», der ein av personane talar om kvifor musikken er den kunstarten som står sjela nærast. Tarkovsky inspirerte også «Stalker», og vi kan gje oss ei musikalsk oppleving som er sjeldan, ikkje minst takka vere fiolinisten Lechner, som frå før er godt kjend i Norge, mellom anna frå samarbeidet med den russiske pianisten Michain Alperin, på eit tidlegare bestillingsverk til Vossajazz.

Lechner har sjølv ein stor katalog på ECM, og det er eit merittert lag av musikarar samla på eitt brett. Musikken er mest sjølvskriven, saman eller einskildvis, og med «Nuit Blanche» – «Kvit natt» – kjenner du at våren verkeleg er i kjømda.

Argentinsk groove

Den groovy stilen er sterk på «Silent Light» (ECM/Musikkoperatørene), tiande album så langt frå den argentinske gitaristen Dominic Miller, med fartstid frå Sting, Phil Collins med fleire. No går han duo med perkusjonist Miles Bould, på ei plate han har skrive mest alt til. Ei stilig blanding der perkusjonisten kan meir enn trommer. Hans brasilianske idol er Baden Powell som han heidrar med «Baden». Innspelinga er gjort mest mogleg i Rainbow studio i Oslo, og saman med Miles Bould har Miller gjort eit sterkt album. Han ersterkt inspirert av Sting i måten å lage låtar på, og det er vel gjort på denne plata.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Koreanske strenger

Mellom dei overvintra platene frå ACT Music, dukkar den koreanske kvartetten Black String opp med «Mask Dance» (ACT Music/Musikkopratørene), der den koreansk bambusfløyta, gitar og trommer får det til å klinge verkeleg orientalsk.

Mer fra Dagsavisen