Nye takter

Jazz frå Jølst

Jølsters nye store spelemann kallar seg ein beinhard folkemusikar som likar å improvisere.

På det sterke, banebrytande albumet «Det andre rommet» (Hubro/Musikkoperatørene) har Erlend Apneseth med seg Stephan Meidell på elgitar og elektronikk og Øyvind Hegg-Lunde på trommer og perkusjon. Begge var i 2013 gjester på Apneseths solodebut «Blikkspor». Han er ein allereie merittert musikar når det gjeld å krysse grenser og samarbeide med improvisasjonsmusikarar i store og små format. Og han slår verkeleg an tonen solo med sitt store kraftfulle spel på opningssporet «Trollsuiten».

Han er del av eit sterkt folkemusikkmiljø som i 2012 gav ut eit eige kvartett-album med den olympiske tittel «Jølster 2012». I tillegg til pionerane framhevar han særleg felespelaren Nils Økland, og trompetist Arve Henriksen som produserte debutalbumet.

Det er mange felespelarar som med folkemusikk i botnen har utvida det musikalske rommet, på hi side i møte med ymse elektronika og perkusjon. Apneseth har spelt med både store og små improvisasjons-ensemble, og mellom musikarar som inspirerer framhevar han også Keith Jarrett.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Kristiansens Kuria Suite

Bergen Big Band er atter i støyten, plata heiter «Kuria Suite» (Grappa/Musikklosen), og under leiing av pianist Knut Kristiansen, ein nestor i Bergens jazzmiljø, er bandet på turne med musikk frå Kuria-folket i Kenya! Det var i 1990 Kristiansen fekk i oppgåve å dokumentere musikken til Kuria-folket i Naynza. Av det vart det bok og kassett, og musikken var atter aktuell når han skreiv eit tingingsverk for Bergen Big Band til Vossa Jazz. Kristiansen har fartstid både i latinamerikansk (Son Mu) og afrikansk musikk, og med Bergen Big Band er «Kuria Suite» i dei beste hender.

Songar frå Thessaloniki

«Songs of Thessaloniki» (ECM/Musikklosen/2015) er eit mektig verk framført av ensemblet Primavera en Salonico og med den sterke røysta til Savina Yannatou.

LES OGSÅ: Jazz i pashto

Mer fra Dagsavisen