Nye takter

Jazz for Odin

Med «Eastern Smile» nyopnar Hanna Paulsberg Concept plateselskapet Odin, med bravur.

Det er det tredje albumet hennar etter debuten «Waltz For Lilly» i 2012 og «Song for Josia» i 2014. Det siste dedikerte ho til den gassiske trommeslagaren Josia, som ho spela med då ho året før vart invitert til festivalen Madajazzcar i Madagaskars hovudstad. Odin var frå 1981 til 1993 ein av dei viktigaste utgjevarane av norsk jazz, og Paulsberg med band er ein verdig arvtakar og vidarefører. På «Eastern Smile» (Odin/Musikkoperatørene) følgjer dei opp låten «Hemulen» frå det andre med «Hemulen på Byen», ein låt som dansar like lett av garde som ein Sonny Rollins før Hanna Paulsberg var fødd.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Med røter i ein moderne afroamerikansk tradisjon er Hanna Paulsberg ein fornyar, som etter det frodige opningsnummeret «Eastern Smiles» og «Hemulen»-versjonen gjev oss albumets vakraste ballade med «Ayumi». Via «A Hundred Years» og «Hotel Papa Charlie» kastar ho oss ut i «Catalan Boy», med trommeslagar Hans Hulbækmo, bassist Trygve Waldemar Fiske og Oscar Grönberg på piano i sitt faste og sterke jazzband.

Hansen bakar vidare

Baker Hansen med «Gamle daga» (Norcd/Musikkoperatørene) er den sterke oppfølgjaren til Chet På Norsk-albumet «Ei som deg», ein stor suksess der fem musikarar med vokalist og attdiktar gjorde furore med nynorske omsetjingar av Chet Baker-klassikarar. På «Gamle daga» er «I’m Oldfashioned» den første av åtte låtar, attdikta til nynorsk og sungen av Sigurd Rotvik, med Thomas Husmo Litleskare (trompet), Kjetil Jerve (piano), Stian Andras Andersen (bass) og Tore Flatjord (trommer). Onsdag opna dei ein turne med 21 konsertar.

Ayumi Tanakas memento

«Memento» (AMP/Musikkoperatørene) er eit sterkt debutalbum frå den japanskfødde komponisten og pianisten Ayumi Tanaka. Ho samarbeider med bassist Christian Meaas Svendsen og trommeslagar Per Oddvar Johansen i eit utfordrande trioformat.

Mer fra: Nye takter