Nye takter

Jazzår med sterke vinnarar

Årets jazzalbum heiter «Mette Henriette». Årets konsert var med Marcus Miller.

Bilde 1 av 4

Det overdådige dobbeltalbumet til komponisten og saksofonisten med døypenamnet Mette Henriette Martedatter Rølvåg er også tidenes norske debut på ECM. Der første del er ei vakker trioplate med cellist Katrine Schøtt og pianist Johan Lindvall, det andre med tretten musikarar frå ulik bakgrunn, og Mette Henriette toppar dermed ei sterk liste.

LES OGSÅ: Årets jazzkomet dobbelt opp

Det gjer også Marcus Miller, mannen bak Miles Davis’ «Tutu» (som han spelte som ekstranummer), med ein av dei beste konsertane eg har opplevd på Cosmopolite. To timar og ti minutt ståande utan pause var ei beint fram livgjevande oppleving, på konserten som var ein del av turneen for den nye plata «Afrodeezia». Perkusjonisten Mino Cilenu var ekstramann på laget, og dei to spelte saman for første gong sidan dei var i bandet til Miles Davis. På Cosmopolite hadde Miller eit sju mann sterkt lag, der han aldri dominerte med bassen, men skapte rom for alle.

LES OGSÅ: Ut i verda med Marcus Miller

Når det gjeld jazzåret 2015 som enno ikkje er heilt over, er hovudstaden som alltid eit eldorado, med eit sterkt program på den nasjonale jazzscena bak seg, med unge band gratis ein gong i veka og med spennande eksamenskonsertar i fleng. Med så mange spelestader i tillegg, at det nesten dagleg er fleire konsertar å velje mellom. I festivaltevlinga har Oslo Jazzfestival i år også vore best.

Dette ikkje til forkleining for dei andre, der Vossa Jazz, MaiJazz, Kongsberg Jazzfestival med fleire held stø kurs, og Molde held på å kvikne til etter ei krise. Der eg kjem frå, har lokalavisa Firda utnemnt Jølster til «jazzens hovudstad i Sogn og Fjordane». Jazz på Jølst er festivalen der Marilyn Mazur som var hovudattraksjonen i år, sa at ho aldri hadde opplevd jazz spelt på landet før!

Med det skulle det vere duka for fleire festivalar der ingen skulle tru at folk spelar jazz.

Jazzens ti på topp

1. Mette Henriette: «Mette Henriette»: Tidenes debut frå saksofonisten Mette Henriette Martedatter Røldal på dobbeltalbum med sterk trio.

2. Håkon Kornstad: «Tenor Battle». Jazzsaksofonisten Håkon Kornstad møter operasongar Kornstad. På plate med Per Zanussi, Sigbjørn Apeland og Lars Henrik Abrahamsen.

3. Hildegunn Øiseth: «Time Is Coming». Globetrotter med tre slags horn i sin beste kvartett.

4. Thomas Strønen: «Time Is A Blind Guide». Trommeslagar med fartstid laga eit av sine beste album.

5. Papirfly: «Ta meg med når du kan». Nytt sterkt album med jazz på norsk sungen av Hanne Kalleberg.

6. Espen Berg Trio: «Mønster». Tredje album frå ein pianotrio som med eigne låtar vitaliserer formatet.

7. Johan Lindvall: «Torg». Med vokalist Mona Sagstuen vart fire musikarar på plata «Torg» til åtte då plata vart innspelt.

8. Hayden Powell: «Circadian Rhythm & Blues». Powells trio med døgnopen musikk som landar med nedslag.

9. Adam Baldych med Helge Lien Trio: «Bridges». Den polske fiolinisten Baldych, med norsk pianotrio i særklasse.

10. Randi Tytingvåg. «Three». Ei trioplate av dei sjeldne når Tytingvåg syng coverlåtar

Årets konsert-kick

1. Marcus Millers «Afrodeezia Tour»-konsert på Cosmopolite 12. november. Miller med perkusjonisten Mino Cilenu i strålande lanseringskonsert for albumet «Afrodeezia».

2. Bursdagskonsertar for Arild Andersen og Knut Riisnæs. Begge sytti år i år.

3. Live Maria Roggen med tingingsverket på Vossa Jazz.

4. Herbie Hancocks konsert 8. august på Oslo Jazzfestival.

5. «A Love Supreme» med Jøkleba og Oslo 14. i Universitetet Aula, på Oslo Jazzfestival.

6. Elin Rosselands nye kvintett på Nasjonal Jazzscene. Oslo Jazzfestival.

7. Mats Gustafsson Peter Northug Unit, ein höjdare på Molde Jazzfestival 18. juli.

8. Jack DeJohnettes «Made In Chicago», då dei gamle var eldst i Molde.

9. James Blood Ulmer atter i Molde på Jazzfestival.

Jazz utan grenser

Cassandra Wilson: «Coming Earth By Day». Av mange tributtar til Holiday er Cassandra Wilsons den beste.

Gary Peacock: «Now This». Åtti år er ingen alder for bassisten til Keith Jarrett i trio med Joey Baron og Marc Copland.

Keith Jarrett: «Creation». Keith Jarrett på konsert med seg sjølv i strålande regisserte konsertopptak.

Cecil McLorin Salvant: «For One To Love». Ekte jazzvokalist på nytt sterkt album.

Jazz at Berlin Harmonic IV: «Accordeon Night» med Stian Carstensen m fl.

Spirits In The Dark: «Now Is The Time». Groove med David Wallumrød, Audun Erlien og Anders Engen.

Klare meldingar

«Eg spelar harmolodisk musikk fordi eg er ein harmolodisk person».

James Blood Ulmer (75) til Dagsavisen i Molde.

«Miles Davis var min musikalske mentor. Den menneskelege mentoren min sidan 1972 er buddhismen».

Herbie Hancock i Oslo.

Årets jubileum

Arild Andersen 70 år

Knut Riisnæs 70 år

Spunk 20 år

Årets festival

Øyunn årets band

Årets nye band heiter Øyunn, leia av vokalist og trommeslagar Siv Øyunn Kjenstad. Ho skriv musikken til bandet, med Oscar Grönberg på piano og Martin Lie Svendsen på bass. Dei hadde vellukka premiere på årets jazzklubb, Kampenjazz i Oslo, 29. november. Kjenstad som har vore trommeslagar i eigne og andre band, hadde stor suksess også som vokalist på Grønland.

Karin Krogs år

2015 har vore eit stort år for Karin Krog, som med «The Best Thing To Come» saman med saksofonisten Scott Hamilton gav ut sitt tredje album, med songar av Billie Holiday. Samleplata Karin Krog: «Don’t Just Thing _ An Anthology 1963-1999» kom på det amerikanske selskapet «Light In The Attic», og i New York Times 2. oktober kunne vi lese om konserten ho hadde med pianisten Steve Kuhn på Joe’s Pub. Dei to gav ut albumet «Break Of Day», og både Lew Soloff trompet og Eric Alexander saksofon er gjest på nokre av låtane. 6. januar neste år kjem albumet «Infinite Paths» med opptak frå ein konsert med John Surman.

LES OGSÅ: Karins hengivne hyllest til Holliday

Mer fra Dagsavisen