Nye takter

Jarretts geni

Med det eineståande soloprosjektet «Creation» foredlar Keith Jarrett nok ein gong den musikalske meisterskapen.

Keith Jarrett

«Creation»

ECM (Musikkoperatørene)

Prosjektet er ikkje å gje ut solokonsertar vi ikkje har høyrt på plate før, noko han også har gjort med suksess. Legendariske konsertar frå Köln, Paris, Wien og andre scener, er ein eigen skatt i Jarretts enorme diskografi. Men På «Creation» er det solo-utøvaren som «foredlar» sitt samtidige skaparverk.

Med opptak frå seks solokonsertar han i fjor heldt i Toronto, Tokio, Paris og Roma har årets syttiåring sett saman ein «konsert» eller ein suite om du vil i ni delar, og det er vedunderleg. Utgjevaren ECM kallar albumet det mest gjennomført lyriske av Jarrett så langt, og eg skriv gjerne under på det, utan å ha tidlegare innspelingar i hovudet. Fire av spora er frå konsertane i Roma, tre frå Tokio, eit frå Paris og det opnar i Toronto. Den som seier at Jarrett kjenner ein løyndom ingen andre har i kunsten improvisasjon, og kunsten å gjenskape seg sjølv, skal eg ikkje seie imot. Sjølv har han sagt at piano, som instrument, er det ypparste til å uttrykkje menneskelege kjensler på musikalsk. Så høyr på «Creation» og bli glad.

Følg oss på Twitter og Facebook!

Halles Istanbul-himmel

Endeleg debuterer trompetisten Gunnar Halle på plate med «Istanbul Sky» (Ozella/Musikklosen). Og den norske trompetisten som budde i København frå 1997 til 2007 og var med å starte merket Ilk, gjer det storslått og med stil, på eit album der tittelsporet også er Halles debut som vokalist! Han er elektronikar også, men det er den høge trompettonen over det heile som pregar eit album der ti musikarar er i aksjon, på heil eller deltid.

Barber/Bartók/Jarrett!

Ei ekstra gåve frå syttiåringen Keith Jarrett er albumet «Barber/Bartók/Jarrett» (ECM /Musikkoperatørene), der Jarrett med symfoniorkester spelar verk av Samuel Barber, Béla Bartók og seg sjølv, anno 1985!

Mer fra: Nye takter