Nye takter

Jans svenskjazz

Pianist Jan Lundgren lytta til pianist Jan Johansson, og spelar svensk jazz i sin eigen tradisjon.

Den nye plata er «Potsdamer Platz» (ACT/Musikkoperatørene), med finske Jukka Perko på saksofon, Dan Berglund bass og Morten Lund trommer. Etter debuten «Conclusion» i 1994 gav Lundgren ut «Swedish Standards» i 1997. Det førre albumet hans var «The Ystad Concerts», ein tributt med stort orkester til Jan Johansson og musikken hans.

No har han laga musikk til eit nytt strålande album, der han med sitt kraftfulle, vakre pianospel følgjer i rekkja både til Jan Johansson, Bobo Stenson og den avlidne Esbjörn Svensson. Svenssons tidlegare bassist Dan Berglund er med i Lundgrens band, unge Jon Lund har triumfert på trommer med fleire, som Bobo Stenson, og over det heile lyder Jukka Perkos stilsikre saksofonspel.

At plata vart spelt inn i Hansa Studio i Berlin, har ho ikkje teke skade av. Lundgrens første plate i ACT-katalogen var «Mare Nostrum» i 2007 med den franske trompetisten Paolo Fresu og trekkspelaren Richard Galleano. Del 2 kom i fjor, «European Standards» (2009) er ei trioplate på ACT, alt frå ein musikalsk arvtakar som med sitt store repertoar er sentral i svensk og europeisk jazz.

Minne om Eivin One

«Nearby Faraway» (PNL Records/Musikkoperatørene) er ein hyllest til musikaren Eivin One Pedersen som døydde i 2012, som i mange år arbeida tett saman med saksofonisten Frode Gjerstad og trommeslagaren Paal Nilssen-Love. One Pedersen som denne medarbeidar også kjende, spelte piano og trekkspel. Samarbeidet byrja då Nilssen-Love byrja i Gjerstads Circulasione Totale, eit Stavanger-band som er sentralt i den frie jazzen i Norge. Gjerstad og Nilssen-Love har spelt duo i 25 år, og det er eit tett og sterkt samspel mellom musikarane som heidrar minnet til Eivin One Pedersen.

Sjekk KO:KO Lande!

KO:KO er ein finsk kvartett leia av trommeslagaren Okko Saastamoinen, som debuterer med det sterke albumet «Lande» (AMP/Musikkoperatørene). Som spelar akustisk jazz av beste merke, og er kåra til Young Nordic Jazz Comets.

Mer fra Dagsavisen