Nye takter

I Strønen tid

Med «Time Is A Blind Guide» har Thomas Strønen gjort eit av sine mest spennande album.

Store ord skal ein vakte seg vel for når det gjeld ein så merittert musikar og komponist. Det nye bandet har vore på vegen i to år før det gjekk i studio, i si tid initiert av den norsk-engelske konsertserien Conexion med eldsjela britiske Fiona Talkington.

Premieren i 2013 var på Victoria, ny sidan start er Siv Øyunn Kjenstad som friskar opp fire av låtane som perkusjonist ved sida av Steinar Mossige. Up an coming Håkon Aase er den nye felespelaren i bandet Nils Økland var med på å starte, Kit Downes på piano og Lucy Reilton på cello er med, og Ole Morten Vågan på piano.

Resultatet er ein fest av eit album – kammerjazz om det er lov – med eit band som med overlappande «undergrupper», her med tre som utgjer ein pianotrio med trommer og bass, to strykarar og bass og ein trommetrio med sjefen sjølv. Eit ensemble som gjennom vekslande konstellasjonar gir musikken stadig nytt liv, det har alltid vore ein probat metode. Leia av ein trommeslagar og komponist, som med bakgrunn i alle format veit kva tid er.

Megabra Megalodon

Om du ikkje har høyrt om bandet Megalodon Collective, er det eit nytt med kremen av unge improviserande musikarar frå jazzmetropolen Trondheim. Med platedebuten «Melodon» (Gigafon/Musikkoperatørene) demonstrerer dei eit nivå ein har lært å forvente seg av ungdomen. Her med elleve musikarar på saksofonar, gitar, bass trommer og sag (traktert av Henrik Lødøen), som auser av eit overflodshorn av improvisert og komponert musikk over eit stort register, som det er ein sann svir å lytte til.

På klubb med McBride

Bassens vedunderbarn Christian McBride er 43 år. «Live at the Village Vanguard» (Mac Avenue/Musikklosen) er varemerke godt nok, og med Christian Sands (piano) og Ulysses Owens jr. (trommer) leverer han.

Mer fra Dagsavisen