Nye takter

I Bugges rom

Med The New Conception of Jazz skapte Bugge Wesseltoft eit nytt omgrep, mellom jazz og elektronika opna det seg eit landskap.

Etter tjue år kjem han med dobbeltalbumet «Somewhere In Between» (Jazzland/Musikkoperatørene) med fruktene av eit breitt musikalsk samarbeid, jublande over å kunne samarbeide med ein artist som til dømes Mari Boine. Med denne samlinga viser han attende til det han har skapt, og at han er ein av dei store solopianistane på piano demonstrerer han også med salmen «Mitt hjerte alltid banker», som kjem etter ein vedunderleg versjon av «You Might Say», framført av hans nye New Conception Of Jazz Band.

Samlinga inneheld også nye versjonar og miksar av kjende låtar, tidlegare ikkje gitt ut materiale, og på plater er artistar som Joshua Redman, Dhafer Youssef, Sidsel Endresen, Henrik Schwarz, Erik Truffaz. Samlinga «Somewhere In Between» viser attende til noko av det finaste han har gjort. Wesseltoft har alltid jakta på samanhengar mellom ulike uttrykk, og har møtt mange utanfor sirkelen som har ønska å spele i ein jazz-samanheng. I han har dei møtt ein døropnar, og resultatet er ein fest av eit album, med musikarar som møtest nettopp «somewhere in between», i Bugges rom.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

The good Bad Plus

The Bad Plus vender attende til røtene sine, melder dei, med sitt ellevte album «It’s Hard» (Okeh/Sony) med den leiarlause trioen sin, med Ethan Iverson piano, Reid Anderson bass og David King trommer. Med elleve låtar reindyrkar dei sine både minimalistiske og enkle tolkingar, også av coverlåtar som Cyndi Laupers «Time After Time», Prince’s vakre «The Beautiful Ones» og Johnny Cash «I Walk The Line». Her det er ikkje sløsa med effektane, det er stilig gjort går i eitt sett på vegen til mai.

Vener og kjende også

Friends & Neighbours er eit av fleire norske band i Cleen Feed-stallen, og årets Album heiter «What’s Wrong» (CF/Musikklosen)). André Roligheten (saksofon), Thomas Johansson (trompet), Oscar Grönberg (piano), Jon Rune Strøm (bass) og Tollef Østvang sparkar frå.

Mer fra Dagsavisen