Bilde 1 av 3
Nye takter

Hundre år med Lady Day

«Mamma og pappa var berre barneungar når dei gifte seg. Han var atten, ho var seksten, og eg var tre».

Den sjuande april er det 100 år sidan Billie Holiday vart fødd, og dette er første setning i «Lady Sings The Blues», sjølvbiografien ho skreiv saman med William Dufty, og som kom ut første gong i 1956. 17. juli 1959 døydde ho etter å levd berre 44 av dei 100 åra. Under dei mest nedverdigande omstende vart ho arrestert og lagt i handjarn, då ho låg for døden på sjukehuset som politiet raida i jakt på narkotika. Ho vart fødd i Philadelphia, som dottera til Sarah «Sadie» Fagan og Clarence Holiday. Dei vart aldri gifte, faren let etter seg mora og barnet for å søkje lukka som jazzgitarist. Mor hadde sjølv måtta flytta heimanfrå då ho vart gravid, og framtida såg ikkje lys ut for jenta som den nære venen og saksofonisten Lester Young seinare døypte Lady Day. Om dette fortel Holiday i ein sjølvbiografi som ikkje stikk noko under stol, om eit liv omgitt av både kjærleik og vondskap, sigrar og nederlag, i ein bransje der dårlege menneske visste å sko seg på det mest skammelege på å utnytta artistar. For Holiday var det også ein evig kamp mot diskrimineringa av svarte musikarar, som måtte gå kjøkenvegen der dei budde eller skulle spele, også når husværet hennar i New York heitte Lincoln Hotel. Det er ikkje ei bitter bok, heller sorgmunter og sjølvsagt subjektiv.

Mens eg skriv, lyttar eg til noko av det sterkaste ho gjorde mot slutten, med ei stemme som farga av eit levd liv er både rusten og sår, men som ikkje eit sekund tek glansen av innspelinga ho på slutten av 50-talet gjorde med Ray Ellis Orchestra, med strykarar kremen og av jazzmusikarar elles. «The Complete Holiday on Verve 1945-1959» er ein boks på ti CD-ar, og utgjer ein tredjedel av innspelingane hennar.

Den første plata ho song på var med Benny Goodman i 1933. Då mor flytta til Harlem i 1928 hadde dottera flytta etter, og det var ein periode då både mor og dotter var prostituerte. Billie song på nattklubbar, far spelte i bandet til Fletcher Henderson, men det var John Hammond som skaffa Holiday innpass hos Benny Goodman, etterpå med pianist og bandleiar Teddy Wilson. Samarbeidet med han resulterte i platene «What A Little Moonlight Can Do» og «Miss Brown To You», og den første skulle i moderne tid bli gjort til eit revynummer av Monica Zetterlund, som husmor syngjande «vad en liten gumma kan gno»! Holiday var enno tidleg i tjueåra då Lester Young døypte henne Lady Day. Ho kvitterte med å kalle han «Prez» (president), den livslange venen som døydde 15. mars i 1959, fem månader før Lady Day.

Som enno ukjend vokalist vart Billie Holiday anonymisert i presentasjon av band ho spelte i, ho fekk ikkje royalties, men ei flat godtgjersle, noko grammofonselskapa sparte pengar på. På slutten av 1937 var ho ein periode vokalist i bandet til Count Basie. I bandet til Chick Webb song den pur unge Ella Fitzgerald, og paret Webb/Fitzgerald slo ein gong Holiday/Basie i ei tevling. Då Holiday vart oppsagt av Basie, var bergingsmannen den kvite bandleiaren Artie Shaw. Med han vart ho den første full tids svarte songaren i eit kvitt orkester, på like vilkår. Difor er Shaw ein av heltane i «Lady Sings The Blues», skildra i kapittelet «Travelin Light», der Holiday køyrer Rolls-Royce saman med bandleiarane på turne. Han stilte alltid opp for henne, og mange amerikanske jazzmusikarar og bandleiarar, svarte som kvite, gjekk i bresjen for å bryte ned raseskiljet på scena. For både USA og Europa var likestilte konsertar i regi av Norman Grantz og Jazz At The Philharmonics viktige. Men vi nærmar vi oss Cafe Society i Greenich Village i New York. Året er 1939, og Billie Holiday skal syngje sitt livs song.

Om «Strange Fruit» er det skrive mykje. I år 2000 skreiv David Margolick, journalist i Vanity Fair, ei bok med same namn. I «Lady Sings The Blues» skriv Holiday om klubben som var den første integrerte klubben for svarte og kvite i New York. Dit kom ein Lewis Allen med teksten til ein song. Namnet var psevdonym for Abel Meeropol, ein jødisk lærar, skribent og songskrivar som hadde skrive teksten i harme mot lynsjinga av svarte. «Southern Trees Bear Strange Fruits» var opning-orda. Melodien vart til som eit samarbeid mellom henne, pianisten og forfattaren, meiner Holiday. I røynda skreiv nok Meeropol både tekst og melodi, men songen gjorde eit veldig inntrykk på henne. Ho var «redd for at folk skulle avsky songen. Den første gongen trudde eg det skulle bli fiasko ... Det høyrdest ingen applaus når eg slutta. Så byrja ein å klappe nervøst i hendene, og brått applauderte alle». Etter kvart ville alle høyre songen, og 20. april 1939 gjekk ho i studio til plateselskapet Commodore. Trompetisten Frankie Newton var leiar for Cafe Society Band, som spelte inn det som skulle bli den mestseljande Holiday-plata med ein million.

Billie Holiday ville ikkje ha «blues» i tittelen på boka si, skriv Margolick, men «the crop», etter den siste lina «here's a strange and bitter crop», om «avlinga» som hang i treet. Jazzskribenten Leonard Feather har kalla «Strange Fruit»... «den første uhemma protesten i ord og musikk, det første skriket mot rasismen.» Plateprodusenten Ahmet Ertegun kalla songen, som Holiday song 16 år før Rosa Park nekta å byte sete på ein buss i Montgomery, Alabama, «ei krigsfråsegn» og «byrjinga på borgarrettsrørsla».

Eitt er sikkert, songen auka populariteten til ein artist med songar på repertoaret med ord om levd liv, om kjærleik og broten kjærleik. Ho var den ho song om, på 40-talet gjennom titlar som «I Cover The Waterfront», «I’ll get by», «He’s Funny That Way», «My Man», «Don’t Explain», «My old Flame», «How Am I To Know?», «I’m Yours», «I’ll Be seeing You», «Lover Man», alt gjort med ei innleving og inderlegheit, kopla med musikalsk meisterskap i framføringa, av ei blendande vakker kvinne som livet etter kvart skulle fortære.

Ein gong toppa det seg med «God Bless The Child», av Holiday og Arthur Herzog. Livet gjekk henne mot, mor hennar hadde opna ein restaurant med namnet Mom Holiday. Dottera trengde pengar og bad om hjelp. Mor sa nei, dei krangla og soga er at Holiday ropte i sinne: «God Bless The Child That’s Got His Own»! Og det er berre å minne om Blood Sweat And Tears, mellom alle som udøyeleggjorde songen som i 1976 vart innlemma i Grammy Hall of Fame.

I 1946 var Holiday med i sin einaste spelefilm, «New Orleans», der Louis Armstrong og Woody Herman også var med. Plaga av rasisme og mccarthyisme vart produsent Jules Levey og manusforfattar Herbert Biberman pressa til å tone ned rollene til Billie og Louis, for å unngå at det vart skapt eit inntrykk av det var dei svarte som skapte jazzen. Det høyrer med at Biberman var ein av The Hollywood Ten, ti regissørar og filmskrivarar som vart granska av Komiteen for uamerikansk verksemd. Dei vart alle dømde for forakt for retten då dei nekta å svare på anklagar om at dei var kommunistar. Filmmannen John Berry, som laga ein dokumentar om saka, vart svartelista.

For Billie Holiday kunne livet vore ein dans på roser utan narkotikaproblem og all trakassering elles. 1947 var eit økonomisk toppår. Holiday tok to andreplassar på rad i jazzbladet Down Beats avstemming. Men same år vart ho også arrestert for å ha narkotika i heimen, og ho vart stilt for retten. «Dei kalla det ’Amerikas sameinte statar mot Billie Holiday’ og det var nett så det var», skriv ho sarkastisk i «Lady Sings The Blues». Jakta heldt fram, samstundes som trompetisten Joe Guy utnytta henne også som narkolangar, og ein John Levy utnytta henne på andre måtar. Samstundes levde ho gjennom eit 50-tal som resulterte i ein makelaus songskatt for ettertida på plater.

I ettertanken etter «Strange Fruit» skriv ho i boka at ein gong som 13-åring hadde ho fatta ei viktig avgjerd. «Eg bestemte meg ganske enkelt for at eg ein vakker dag skulle eg verken gjere eller seie noko eg ikkje meinte ... Ein må vere fattig og svart for å forstå kor mange smellar som kan råke ein, berre gjennom å prøve å gjere noko så enkelt».

Kva den sta Lady Day har hatt å seie som musikar, menneske og inspirasjonskjelde for alle generasjonar sidan, kan knapt overdrivast. Fødd til armod og undertrykking sigra Lady Day over verda. For verda lever ho enno.

Kilder:

Billie Holiday: «Lady Sings The Blues», svensk utgåve (1971)

David Margolick: «Strange Fruit» (2001)

Julia Blackburn: «With Billie», Forlaget Cape (2005)

Den dagen lady døde

Klokken er ti på halv ett i New York en fredag

tre dager etter Bastilje-dagen, ja

året er 1959 og jeg går og får en skopuss

ettersom jeg skal stige av 16.19-toget i Easthampton

klokken 19.17 og så gå rett til bords

uten å kjenne de menneskene som byr på middag

Jeg rusler opp langs den klamme gata med sola på lur

og tar en hamburger og en sjokolademilkshake og kjøper

en gyselig NEW WORLD WRITING for å se hva poetene

i Ghana steller med for tiden

jeg går videre til banken

og Miss Stillwagon (fornavn Linda mener jeg å ha hørt)

for første gang i sitt liv ikke sjekker kontoen min

og på GOLDEN GRIFFIN finner jeg en liten Verlaine

til Patsy med tegninger av Bonnard skjønt jeg tenker

også på Hesoid, overs. Richmond Lattimore eller

Brendan Behans nye stykke eller Le Balcon eller Nes Négres

av Genet men dropper det, jeg holder fast ved Verlaine

etter omtrent å ha falt i søvn av vankelmodighet

og til Mike bare rusler jeg inn på PARK LANE

Liquor Store og ber om en flaske Strega og

tar så samme veien tilbake til Sjette aveny

og tobakkshandleren inne på Ziegfield-teatret og

ber i farten om en kartong Gauloises og en kartong

Picayunes og en NEW YORK POST med hennes ansikt utenpå

og jeg svetter enormt og tenker på hvordan

jeg sto og lente meg mot dossdøra på 5 SPOT

mens hun hvisket en sang over tangentene

til Mal Waldron og alle og jeg holdt pusten

Frank O’Haras dikt «The Day Lady Died» ble oversatt av Jan Erik Vold, i hans utvalg av Frank O’Hara-gjendiktninger: «Solen ute på Fire Island & andre dikt» (Gyldendal, 1983). Gjengitt med oversetterens tillatelse.

Diktet var også tittelen på platen Jan Erik Vold ga ut med O’Haradikt på Hot Cllub Records i 1986, sammen med Egil Kapstad.

Mer fra: Nye takter