Nye takter

Heim til jul

«I mine tankar alltid der er du», syng Gine Gaustad Anderssen på ei vakker plate i julestria.

Albumet heiter «Heim» (Losen/Musikklosen), med tittelsongen og nokre til på nynorsk, med «I Believe in Beauty» og resten av songane ho på engelsk. På to låtar nær har ho komponert alle, og med den sterke og vakre røysta står ho fram som ein vokalist og komponist av format. Her er inderlege songar som «Til deg» og «Trøyst», og om det er på engelsk eller norsk syng ho med like stor autoritet.

Gine Gaustad Anderssen kjem frå Tennfjord på Sunnmøre og byrja spele inn songar ti år gamal. Ho byrja å studere jazz og annan musikk i 2001 med ved NTNU i Trondheim, har studert med bassisten Anders Jormin og andre i Sverige. I to år turnerte ho i Japan med bassisten Yashito Mori og bandet Scandinavian Connection. På «Heim» syng ho med eit sju mann norsk og svensk band med trompetist Arve Henriksen og saksofonisten Thomas Gustafsson som gjester. Med Carl Emils Svensson på gitar, Johannes Lundberg og Fredrik Nilssen på bass, Hermund Nygård trommer, Martin Öhman på bass.

Anderssen har medverka på fleire andre plater, eitt med pianisten Tommy Kotter kjem ut neste år. «Heim» er det første med eigen tekst og musikk, framifrå arrangert på eit sterkt album.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Live med Lincoln!

Namnet er Abbey Lincon (1930-2010), albumet «Love Having You Around» (HighNote/MusikkLosen). Året er 1980 og vi er live på Keystone Korner (vol 2). Med Phil Wright på piano, James Leary bass, Doug Sides trommer, er det ei herleg gjenhøyr med ein vokalist som gav alt og song med veldig kraft. Som så usminka gav seg til publikum, og som vart til eit idol for kvinner i generasjonar som har heidra henne. Det var ein bodskap i alt, i songar frå «Little Girl Blue» til «Africa», der ho syng om kome heim til seine eigne. Ho var eit sterkt menneske å møte.

Norsk i Cleen duo

«So beautiful, it starts to rain» (CF/MusikkLosen) er tittelen på vekas Cleen Feed-album. Uansett spelar engelske John Butcher på saksofon og Ståle Liavik Solberg på trommer.

Mer fra Dagsavisen