Nye takter

Heim til Hem

Med «Midwest» vandrar melodikaren Mathias Eick vidare i sitt musikalske landskap, med eit verkeleg stjernelag.

Mathias Eick

«Midwest»

ECM (Musikkoperatørene)

Det er ei reise som Mathias Eick med sitt lyriske, lyse og melodiøse trompetspel er som skapt til. Og i selskap med felespelaren Gjermund Larsen med sin både folkemusikalske og urbane «Majorstuen»-bakgrunn, med pianist Jon Balke som var med i eit av Eicks første band, med Mats Eilertsen og Helge Norbakken like velkjende på bass og trommer, er det duka for ei musikalsk oppleving som er livgjevande. Hem er den vesle bygda i Vestfold som Eick voks opp i, og som har fått sin eigen låt, etter at bandet med tittelsporet verkeleg slår an tonen. Det er eit strålande ensemblespel, med låtar vidare som heiter «March», «At Sea», «Dakota», «Lost», «Fargo» og «November», som ikkje let seg sjanger-bestemme som anna enn ein tributt til det gode liv. Songskrivaren Eick har alltid vore influert av nordamerikansk jazz, men med sine eigne songar og sitt syngjande trompetspel i eit band av strålande solistar uansett «horn», har han med «Midwest» laga si beste plate, i mine øyre ein fulltreffar. I nokre dialektar er ordet hem det same som heim. Heim til Hem.

Gjesten i Liebman

Her er eit album i den veksande stabelen med både nye og overvintra album som fortener ein betre lagnad enn å støve ned. «Aki Rissanen/ Jussi Lehtonen Quartet with Dave Liebman» (Ozella/Musikklosen) er det fullstendige namne på produktet der tre finlendingar tok med seg sopransaks-kongen David Liebman i studio. Det er ein overdådig session der musikarane i studio Finnsih Broadcasting Company i april 2013, gjorde innspeling etter live-metoden, og det er eit strålande timelangt resultat. Rissanen spelar piano, Lethonen trommer, Juri Huhtala bass, alle har laga låtar. Det kjem alltid noko godt frå den kanten av jazzverda, med sopransaksofonspel frå David Liebman, sekstiåtte. I vår tid er det ingen alder.

Mer fra: Nye takter