Nye takter

Glimt frå ein festival i mai

Chris Potter og Brad Mehldau var sikre vinnarar, men ikkje åleine mellom ungdomen på MaiJazz- festivalen.

Bilde 1 av 2

STAVANGER (Dagsavisen): Då vi halvvegs i jazzveka drog frå hovudstaden, var det ei reise i vinterland til flyplassen. I Stavanger landa vi midtvegs til Chris Potters kvartett, saksofonisten som alltid er på stigande kurs, no med ei fersk plate i bagasjen. «The Dreamer is The Dream» er med festivalbandet David Vilelles på piano, Joe Martin på bass og Marcus Gilmore på trommer. Men eit minst like sterk høgdepunkt denne gongen var Brad Mehldau med sin alltid beste trio, Larry Grenadier på bass og Jeff Ballard på trommer. Vidunderbarnet med dei flåsete uttalane om Bill Evans og Keith Jarrett, har funne seg att, og spelar betre enn nokosinne.

Ein annan sterk trio på festivalen har vore Anders Jormin, songaren Lena Willemark og Karin Nakagawa på 25 strenger Koto, med to fyr i havgapet som speleplassar. Ein godbit vi utsende gjekk glipp av var «Aha! Extended Noise», arven etter eit band som vart starta i 1982 av den no avdøde trekkspelaren Eivin One Pedersen. Huset Folken er som vanleg arena for den rocka delen av festivalen. På Sting var Ståle Storløkken først ute i improvisert samspel med unge musikarar, og Torun Eriksen er alltid ein banker, med sine sterke songar om livet. Denne gongen på den meste spennande scena SPOR FEM.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Der var det under vignetten «Impro Lørdag» tevling ungdomen imellom eller på tvers av grensene, som i duellen mellom veteran Pocket Corner mot Ståle Storløkken. Tradisjonsberer var Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg og Bjergsted Jazzensemble som hadde samla og gjennomarrangert musikk frå samarbeidet mellom Berg og Andersen, til stor konsert.

Festivalens frontfigur var saksofonisten Hanna Paulsberg, som også spelar i jentebandet Gurls. Ein innhaldsrik festival har det vore, avslutta i går med Jormin, Willemark og Karin Nakagawas «Trees of Light», og av Trio Tunell som spela Knutsen og Ludvigsen på Gamle Hå Prestegard. Tradisjon!

Mer fra Dagsavisen