Nye takter

Enkle låtar!

Når jazzbandet Atomic i sitt 17. år kjem med eit nytt stort album, er det med dobbel bonus attåt som premie.

«Six Easy Pieces» (Odin/Musikkoperatørene) er den sjølvsikre tittelen på albumet, der det første opplaget på tusen kjem med ein dobbel bonus-CD med liveopptak frå ein dobbel konsert i fjor i Pit-Inn i Tokyo (tilsvarande for dei 500 første vinyl-kjøparane). Album-innspelinga av «Six Easy Pieces» vart gjort i studio i Wien, og same kva pakke du endar opp med, vil du få ei ekstraordinær oppleving med denne utgjevinga.

Som før er det pianist Håvard Wiik og saksofonist Fredrik Ljungkvist som har skrive låtane. Bassist er Ingebrigt Håker Flaten, Magnus Broo spelar trompet, og det er andre plate med yngstemann Hans Hulbækmo, ein dragon bak trommene som er ein perfekt match for dette bandet. Som for 17 år sidan invaderte ein mørk kjellarjazzklubb i Pilestredet i Oslo på tampen av Oslo Jazzfestival det året, og spelte bakoversveis på oss alle.

Første album var «Feet Music», dette er det fjortande med musikk like fri som han er skriven, avslutta med «Stuck In Stockholm», ein kul låt frå eit ensemble med ein verkeleg musikalsk samforstand.

Meir Megalodon!

Superlativa sat laust også her i av avisa då dei sju musikarane i Megaladon Collective i 2015 debuterte med albumet «Melodon». «Animals» (Jazzland/Musikkoperatørene) er det andre frå bandet som sprang rett ut av jazzlinja i Trondheim, der dei alle har utdanna seg. I fjor vann dei jazztevlinga Jazzintro, og med «Animals» følgjer dei opp med eit album like fortetta og pågåande i uttrykket, som er ein stor publikumssuksess. Med to trommer, tre saksofonistar, ein gitar og ditto bass i besetninga, serverer dei tretten nye låtar frå eit overdådig musikalsk festmåltid, til turneen som opnar 4. mars i Oslo.

Collins Press Enter

«Press Enter» (ACT/Musikkoperatørene) er eit stilig trio-album (med gjestar) frå den franskfødde pianisten Romain Collin, no buande i New York. Lucues Curtis er bassist, Kendrick Scott trommeslagar. Press Enter!

Mer fra Dagsavisen