Nye takter

Elegant frå Arnesen

I sin beste alder har Dag Arnesen med trioen sin gitt ut sitt beste album.

Plata heiter «Pentagon Tapes» (Musikklosen/Losen Records), der Arnesen i selskap med Ole Marius Sandberg på bass og Ivar Thormodsæter på trommer opnar i den lette, elegante stilen som er hans varemerke. Det var Griegs musikk han vaks opp med og som han som vaksen kvitterte for med ein serie «Norwegian Song»-plater i jazzdrakt. Han har vore sentral i eit sterkt bergensk jazzmiljø der ein amerikanske tradisjon rådde, og han er ein nyskapande pianist.

Fødd i 1950 debuterte han i 1982 på «Ny Bris», eit kult-album med musikarar som framleis utgjer kremen i bergensk jazz. Snakkar vi tradisjon, er hans pianospel på saksofonist Knut Riisnæs sitt album «Flukt» uansett noko av det finaste han har gjort. På årets jule- og nyttårsalbum har han skrive seks av songane sjølv, Cole Porters «What Is This Thing Called Love» og Dave Brubecks «In Your Own Sweet Way» markerer tradisjon, men kva med «Love Me Tender», herr Presley?

Då svarar Arnesen med Finn Ludts «Lille Måltrost», og vi går vinteren og resten av året trygt i møte.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Svingar for all æva

«Modes for All Eternity» (AMP Music/Musikkoperatørene) er det andre fine albumet til Wako & Oslo Strings, som ikkje er eit prosjekt der strykarane berre akkompagnerer ein kvartett eller anna band. Det er ei utfordring at musikken blir utvikla i alle retningar, med band som Trondheim Jazzorkester, Espen Berg Trio, Megalodon Collective og klassiske trondheimssolistar frå fleire kjelder. Martin Myhre Olsen er saksofonist og komponist. Bass, trommer, to fiolinar og ein cello er med, med eit spennande og fargerikt resultat.

Jazz frå familietre

Høyrt om Grégory Privat? Sjekk «Family Tree» (ACT/Musikkoperatørene) der den Paris-baserte pianisten fødd i Martinique har levert eit sterkt album, med Linley Marthe på bass og Tilo Bertholo på trommer, med garanti frå Lars Danielsson.

Mer fra Dagsavisen