Nye takter

Eit storfiske

Kvartetten til Trygve Waldemar Fiske er eit musikalsk lukketreff som du no kan høyre på plate.

«Waldemar 4» (Gigafon/Musikkoperatørene) er debutalbumet til bandet av same namn, sett saman då bassisten Fiske frå Frei etter å ha fått pris i Molde, skreiv eit tingingsverk til festivalen i 2014. Medspelarar er André Roligheten på saksofon og klarinett, Håvard Wiik piano og Erik Nylander på trommer, i eit band med sterke røter både i jazz og frijazz-tradisjonen. Resultatet er eit forrykande, intenst og mangslunge album. Med musikarar like meritterte som Fiske, som i ein alder av 28 år har medverka på over femti album før han platedebuterer sjølv. Roligheten studerte han saman med, Nylander høyrde han med fleire musikarar, og Atomics’ Håvard Wiik, også freiværing, ville han ha med på piano. Alle sa ja på flekken, resultatet er ein platedebut av klasse.

På to spor nær har Fiske skrive musikken sjølv. Bassisten som seier han hadde Charlie Haden som første favoritt saman med Charles Mingus. Som tok timar med Gary Peacock og hadde mange favorittar også i den norske bassleiren. Nest siste låt heiter «Big Fish», fanga av ein lukkeleg jazzmusikar frå Frei.

Waldemar 4 har konsert i Oslo 8. oktober.

Fly mot nye høgder!

Om fjorårets «Papirfly» var ein sensasjon i norsk vokaljazz, flyg oppfølgjaren «Ta meg med når du drar» (NORCD/Musikkoperatørene) mot nye høgder. Det er eit fantastisk album, der songane og den tette musikalske samforstanden er endå betre. Bandet som trassa «jazz på norsk»-traumet leverer ei plate der Philip Birkenes på piano, Jakop Janssønn på trommer og Knut Olav Buverud på bass, saman med vokalist, komponist og forfattar Hanne Kalleberg går opp i ein høgare einskap. Årets plate uansett årstid.

Catherines draum

Den belgiske jazzgitaristen Philip Catherine får oppfylt ønsket å spele med stort orkester. Det skjer med Orchestre Royal de Chambre Wallone på «The String Project – Live In Brussels» (ACT/Musikkoperatørene).

Mer fra Dagsavisen