Nye takter

Dobbel lukke

Med «Tenor Battle» har saksofonist og operasongar Håkon Kornstad levert eit eineståande skaparverk.

På plata både spelar og syng han opera og annan italiensk, fransk og tysk musikk frå 1800-talet, for eit band jazzmusikarar med Sigbjørn Apeland på orgel, Per Zanussi bass, Lars Henrik Abrahamsen på cembalo. Mange vil kjenne att tema når opera-ariar og napolitansk song møter skandinavisk jazz, der songar og musikarane forløyser kvarandre. Kornstad har sagt at syngje opera også har gjort han til ein friare jazzmusikar. I «Tenor Battle» krev tenoren både som songar og saksofonist sin plass, herav tittelen. Eit tema frå Georges Bizet er min personlege favoritt, og dei er allereie ein internasjonal sensasjon.

Mange fekk hakeslepp når jazzsaksofonisten kjend frå Wibutee og andre band, på solokonsertar slo til med operasong som ekstranummer, med ei stemmeprakt som idolet Jussi Björling. «Tenor Battle» er ein draum gått i oppfylling, etter at Kornstad var i New York og høyrde «Cavalleria Rusticana», og vart hekta. Færre veit at han som 11-åring i 1988 song i barnekoret til von Trapp, i musikalen «Sound of Music» med Sissel Kyrkjebø og Sverre Anker Ousdal. Då kan også eg ha høyrt han utan å vite det.

Ivan Mazuzes bodskap

«Ubuntu» (Losen/Musikklosen) er eit solid album i den funky sørafrikanske sona, frå saksofonisten og komponist Ivan Mazuze. Opphavleg frå Mosambik, utdanna i jazz i Cape Town, og sidan 2009 med Noreg som base. Tittelen er eit ord i sør for humane dygder, i bandet spelar Jacob Young på gitar, Michael Bloch deler pianokrakken med Sifiso Makalisa. Trommeslagar er Frank Paco, elbassist Peter Ndlala. Sidiki Camara gjestar med det afrikanske tangent-slagverket balafon, og med sine lyse saksofontone leverer Mazuzu eit stilsikkert album.

Large Unit på vegen

Paal Nilssen Loves Large Unit har vore på farten sidan debuten, og «Riofun» (PNL/Musikkoperatørene) er ein låt på 25 minutt spelt inn undervegs på Bimhuis i Amsterdam 7. mai. Ha ei god oppleving.

Mer fra: Nye takter