Nye takter

Dobbel Lien!

Med Helge Lien Trios fantastiske nye album «Guzuguzu», har vi kåra godt som årets album og årets konsert.

Forventningane til eit nytt album frå Helge Lien, Frode Berg og Per Oddvar Johansen er som alltid skyhøge. «Guzuguzu» (Ozello/MusikkLosen) er eit ord for å røre seg langsamt, her med Frode Bergs strykebass som opning. Og det tek ikkje lang tid før vi i er i rett modus til å nyte ein ny triumf frå tre musikarar som foredlar og fornyar trioformatet i særklasse. Til konserten på jazzscena Victoria i Oslo sist laurdag kom dei frå ein turne i Japan. Der komponisten Lien har henta titlar frå det japanske talespråket. Resultatet er eit ni spor stort album der musikken grip deg frå første tone.

Plata er innspelt i det no verdskjende regnbogestudioet i Oslo. Det er den tiande i rekkja av innspelingar der Helge Lien og trioen alltid har stemt forventningane høgt, med eit ensemblespel det er ei fryd å lytte til. I duoen LiveLien med årets buddy-vinnar Live Maria Roggen, gjekk han i fjor også til topps i den avisa du les no. Han er også pianisten i Arild Andersen trio, og i sin eigen tonar han ut med songen «stille regn, yr». Så med vårens plate og vårens konsert, kom mai!

ACT på Birdland!

«Live at Birdland New York» (ACT/Musikkoperatørene) heiter det når pianist Richie Beirach og fiolinist Gregor Huebner gir ut albumet «Live At Birdland New York» til Beirachs syttiårsdagen hans. ACT slår på stortromma og gir ut plate med highlights frå ei innspeling frå 2012, med bassist George Mraz, Randy Brecker på trompet og Billy Hart på trommer. Det er ein gjeng godt vaksne jazzmusikarar som auser av sine horn, i høve 25 årsfeiringa til Siggi Loch og plateselskapet hans. Som attpåtil fekk ei kongens medalje for fremjing av norsk musikk!

Wakenius og son

«Father and Son» (ACT/Musikkoperatørene) heiter albumet når far og son Ulf og Erik og to gitarar møtest. Som jazzmusikarar har Ulf Wakenius eit verdsnamn, ikkje minst etter å spelt med Oscar Peterson. Saman har dei spelt inn eit feitt duo-album.

Mer fra Dagsavisen