Kultur

Det grenselause ensemblet

Friensemblet til Mathilde Grooss Viddal held koken frå Afrika til Voss.

Dagsavisen anmelder

Mathilde 
Grooss Viddal

«El Aaiun - Across The Border»

Giraffa Records (MusikkLosen)

Elin Rosseland

«Vokal»

Norcd/Musikk-operatørene

Hans Mathisen

«The Island»

Curling Legs (Musikk-
operatørene)

Tittelen er «Al Aaiun - Across The Border», innspelt live då Mathilde Grooss Viddal og Friensemblet i fjor avslutta turneen sin med konsert på Vossa Jazz. Den nest siste låten, «Kali & Vossavatn», er mynta på festivalen og bygda, og opnar med ein sann kakofoni av vossastemmer. Før det tjue minutt lange tittelverket, som er inspirert av ei reise komponisten gjorde som vikarierande musikar i eit internasjonalt band i Afrika. Safaa Al-Saadi er ei berande stemme både vokalt og instrumentalt og albumet er det fjerde sidan bandet starta som Mathilde Grooss Viddal Chateau Neuf Friensemble i 2004. Det debuterte med albumet «Holding Balance», rost til skyene av denne medarbeidar. «Come Closer» følgde tre år etter, «Undergroove» kom for to år sidan, og det er bandets tiårs jubileum som vert feira med «El Aaiun - Across the Border», med eit ensemble der nokre har vore med frå start. Grooss Viddal spelar klarinett og saksofonar, dei andre er Saafa Al-Saadi (fløyter og vokal), Britt Pernille Frøholm (fele), Tellef Kvifte (fløyter mm), Dag Stiberg (altsaksofon), Gunnar Halle (trompet), Per Willy Aaserud (trompet), Øyvind Brække (trombone), Knut Kvifte Næsheim (vibrafon), Siv Øyunn Kjenstad (trommer) og Ellen Andrea Wang (bass).

Dei opnar med den vakre «Night Song», «Morning Song» og «Diagnossisten» følgjer, Vossa-spetakkelet er fjerde spor før tittelkomposisjonen, som i fjor vart æra med heiderleg omtale i ei tevling i Seattle for kvinnelege komponistar. All heider til ensemblet, som held både balansen og stilen.

Stemmer

Treng du øving i stemmebruk? Elin Rosselands «Vokal» er også for deg. Stemmene som syng er kvinner. Mannen som snakkar er Karl Seglem, poeten, på eit makelaust album der Rosseland både som songar, komponist og arrangør utforskar stemmebruk med 21 kvinnerøyster, og det er ein fryd for alle øyre. Først tre songar i ein vokal kvintett som sluttar med Seglems «Stilla er ein åker». Så makelause Trondheim Voices med ni av våre beste songarar (og solistar) i «Nummer 1» med tekst av Siri Gjære, og vi har berre så vidt byrja, då fire spor med Elin Rosseland, Guro Gravem Johansen og Liv Sollid Schulerud bombar deg høgt og lågt med stemmer som somme stundom minner om låtar spela baklengs. Etter to korte pustepausar med Seglem og Rosseland syng Rosseland fleirstemmig med seg sjølv på i «si no», før ein praktfull salmeslutt, der Fauna Vokalkvartett syng «Ingen vinner fram til den evige ro» og «Fager kveldssol smiler», i Rosselands arrangement.

Poeten Seglem avsluttar med diktet «Ein gong er musikken», men sterkast inntrykk med vêret der vest i tankane, gjer det første diktet «Stilla er ein åker»: «stilla er ein åker/ me kan pløya han med vår pust/ mold og frø/ vind og vatn/ så/ ana den kraft dråpen gjev/ hausta som fortent».

Mathisens tone

Etter det storslåtte albumet «Timeless Tales» med både marinemusikk og kammerkor, kjem gitaristen Hans Mathisen i utsøkt selskap med albumet «The Island», Mathisens tredje album i eige namn. Han er ein av fire utøvande jazzbrør og spelar moderne jazz i ein tradisjon med røter både til europeisk og amerikansk jazz, med Jason Rebello på piano, Per Mathisen på bass, Per Oddvar Johansen på trommer, Petter Wettre på saksofon og Eckhard Baur trompet. Som gitarist underslår ikkje Mathisens sin musikalske slektskap til Pat Metheny, eller til andre klassikarar over there. Men han står trygt på eigne bein med eit sobert, melodiøst spel som eg likar best når han spelar balladar, som «The Solitary Dancer». Som komponist har han også røynsle frå film og teater, han underviser, og han har medverka på eit trettitals plater utanom sine eigne. Med «The Island» har han levert eit sterkt album, der somme vil kjende att i alle fall tittelen «Good Night And Good Luck», før han set punktum med «Blues For Ornette».

Friensemblet har plateslepp med jubileumskonsert lørdag klokka 13 på Chateau Neuf i Oslo.

Felejazz av klasse

Har du ikkje høyrt om fiolinisten Zack Brock så gjer det no. «Purple In The Sound» (Criss Cross/MusikkLosen) etter ein låt av Dizzy Gillespie toppar ein bunke nye jazzplater på merket Criss Cross, og Zack Brock spelar saman med vår eigen USA-eksport Lage Lund på gitar, Matt Penman på bass og Obed Calvaire på trommer. Ikkje like kjende namn alle, men det er Zach Brocks andre album på dette renommerte jazzmerket. Dizzy Gillespie, Django Reinhardt (Nage), Frank Zappa (Twenty Small Sigars) og Charlie Parker (Little Willie Laps) har signert dei fire første låtane, og Brock har skrive to. Siste låt er velkjende «After You’ve Gone», som den alt meritterte Zach Brock spelar med karakter. På eit album der det er rein bebop som det skal vere når han spelar Parker-låten, men der han stilmessig også spelar over eit stort register. Sjølv framhevar han både Grappelli, Joe Venuti og Eddie Lang attåt nestor i amerikansk felejazz, Stuff Smith, som førebilete. Brock framhevar også Frank Zappa som ei stor inspirasjonskjelde, og kvitterer med «Twenty Small Cigars». Sterkt medverkande til det framifrå resultatet på plata er også Lage Lund, i eit propert band der alle er i stall Criss Cross frå før. God felejazz veks ikkje på tre (!). Unge Zach Broch er i vekst.

Møte med 
stort band

«Kryssande» (Norcd/Musikkoperatørene)» er eit møte mellom gitaristen, komponisten og arrangøren Gisle Torvik og Hardanger Big Band, eit framifrå amatørstorband som også spelar ein del av musikken frå Torviks førre album «Tranquil Fjord». Det var eit gjennombrot for Torvik, som debuterte med albumet «Naken uten gitar» i 1999, Hardanger Big Band vart starta i Jondal i 1987 av trompetisten Arild B. Nielsen, som framleis er leiar. Samarbeidet med Torvik starta i fjor, og han er ikkje den einaste dugande solisten på plata «Kryssande», eit album i god norsk storbandtradisjon.