Nye takter

Cyrille-tid

Når Andrew Cyrille (76) kjem til ECM som leiar for bandet sitt, blir det skapt historie.

For mange er Cyrille kjend for samarbeidet heilt frå sekstitalet med pianist Cecil Taylor, med legendariske konsertar som skapte røre på den vesle klubben Metropol i hovudstaden. I Trio 3 spelte han med saksofonisten Oliver Lake og bassisten Reggie Workman, og når han denne hausten gir ut plate, er tittelen ikkje å spøkje med, «The Declaration of Musical Independence» (ECM/Musikkoperatørene).

Med Bill Frisell på gitar, Richard Teitelbaum på synth og piano og Ben Street på bass, startar han like godt med John Coltranes «Coltrane Time», med Cyrille i front, og vi er i gang med å oppfylle tittelens krav, med Bill Frisells syngjande gitartone. Titlane elles kan kvile, lytt heller til Cyrilles spennande musikk med det han kallar ekte verdsmusikarar.

Cyrille seier det var den lyriske Bill Frisell som gjorde susen, sjølv vert han kalla ein eminense innan den moderne jazzen, inspirert av Max Roach, utøvande sin kunst langs aksen med dei store verda rundt, til bandet avsluttar det musikalske byggverket med «Song For Andrew No 1».

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Til Monica Z's ære

Nye album strøymer på frå selskapet Losen Records, denne veka ei plate med songar Monica Zetterlund udøyeleggjorde for all tid. Bak «Music With Z» (Losen/MusikkLosem) står bassisten Andreas Dreier, som for to år sidan gav ut albumet «Poinciana». Vokalisten Gro Elisabeth Bjønnes gjer ein respektabel jobb, Dave Edge spelar tidvis saksofon, Helge Wahl Flatland piano, Magnus Sefaniassen Eide trommer, Anders Thor gitar. Musikken er klassikarar frå Zetterlund sitt repertoar, der «Att angöra en brygga» er sjølvskriven, «Monicas Waltz» som ho song med Bill Evans likeins.

Perle med sus i!

Kortaste tittel så langt er «Sus» (Losen/MusikkLosen), med låtskrivar Sandra Borøy som starta eit samarbeid med Jonas Eikum (trommer), Jonas Dyrstad Syrrist (bass) og Jonatan Schanke Eikum, trommer. Ein kanondebut med og utan songtekstar (norske), uansett på parti med musikken. Heilt strålande!

Mer fra Dagsavisen