Nye takter

Brunborgs vår

Når ein av nasjonens mest etterspurde musikarar gir ut plate i eige namn, er det berre å fylle glasa.

Tore Brunborg

«Slow Snow»

ACT (Musikkoperatørene)

Lista over plater han har spelt på er stor, men med «Slow Snow» får vi musikk Tore Brunborg har skrive til sitt eige album, med eit suverent val av musikarar. Betre band finn du ikkje, og vi er i gang med den første låten «Shelter», der Brunborg byrjar på piano i eit enkelt tema som får det til å sitre i ein, med den svevande vakre gitartonen til Eivind Aarset, med Per Oddvar Johansen på trommer, Steinar Raknes på bass, før saksofontonen eg skulle kunne skilje ut frå alle andre saksofontonar i verda, helsar velkommen.

Med neste låt «Tune» er temperaturen ein annan, og med gitar, bass og trommer attåt saksofonen er dette eit kvartettformat vi ikkje høyrer så ofte, med gitaren til Aarset i alle fasettar som ein musikalsk stemningsskapar av rang. Raknes er ein bassist like sterk som solist som vandrande rytmikar, og med Per Oddvar Johnsen høyrer vi den beste trommeslagaren uansett sjanger. Med ti låtar i spennande arrangement skifter musikken karakter heile vegen. Med Brunborgs monumentale spel på tenorsaksofon er det berre å nyte i musikken fulle drag.

«Freedoms Tree» (Losen/MusikkLosen) er det fjerde albumet til gitarist og globetrotter Steinar Aadnekvam, som i 2010 debuterte med «Simple Things» med argentinske Jonatan Guzman i bandet på piano. Han har framleis med eit internasjonalt band med Mattias Ståhl spelar vibrafon, med musikken som er latinamerikansk i leten med låtar Aadnekvam mest har skrive sjølv. Blant songstemmer er Gustav Orphée den leiande, og bandet fullfører si latininspirerte reise også med ein dugande cubansk fiolinist i bandet som heiter Santiago Jimenez Borges.

I går heldt den britisk vokaljazzens førstedame Claire Martin konsert på Nasjonal Jazzscene i Oslo. Ho er platefersk med det stilige albumet «Time & Place» (Linn Records), der også Montpelier Cello Quartet er med.

Mer fra: Nye takter