Nye takter

Bro-byggjar

Dansken Jakob Bro er gitarens tonekunstnar, som eg merka meg då han spelte på plate med Powl Dissing.

«Old Sun» (ECM/Musikkoperatørene) heitte det strålande albumet der Dissing på sin uliknelege måte song Armstrong-songane han hadde vakse opp med, som «That Lucky Old Sun». Og i kompet stod då Jakob Bro på Dissings konsert på Chat Noir, som skapt til å spele Armstrong-musikk. «Streams» er hans andre album på ECM, der han spelte sitt første i trio med Jon Christensen på trommer. På «Streams» spelar Joey Baron trommer, bassist er Thomas Morgan, mens Jakob Bro berre med ein enkel tone i gitaren kan skape eit lite univers. Og han dedikerer «PM Dream» til den avlidne trommeslagaren Paul Motian som dei begge spelte med ved ulike høve, Jakob Bro på albumet «Garden Of Eden» i 2004. Og han seier: Musikken ønskjer å gå sin eigen retning. Det er jobben vår å følgje han.

Som leiar har han spelt inn 13 album, dei fleste på Loveland Records. Samarbeidet med Jon Christensen blir eit nytt prosjekt med Palle Mikkelborg, til eit album i 1917. Og det blir meir indian summer på gitar.

I.P.A. seier noko!

Har du sakna I.P.A.? Vi snakkar om det norske og svenske jazzbandet som spelar akustisk jazz dei har skrive sjølv, og som endeleg kjem med sitt fjerde album «I Just Did Say Something» (Cuneiform Records/Musikkoperatørene). Atle Nymo spelar saksofon, Magnus Broo trompet, Mattias Ståhl vibrafon, Ingebrigt Håker Flater bass og Håkon Mjåset Johansen trommer. Musikarar vi kjenner frå mange konstellasjonar, som alltid leverer. Moderne akustisk jazz med røter til sekstitalet, i spennande arrangement, med glimrande solistar.

Rune Scheens band

Eigentleg heiter det Scheen Jazzorkester, eit storband leia av pianist og komponist Rune Klakegg frå Skien, med 14 toppmusikarar han har spela med over ein periode på 40 år. Difor: gå ikkje glipp av det strålande albumet «Fjon» (Losen/Musikklosen)!

Mer fra Dagsavisen