Annonse
Erlend Apneseth flankert av Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde.

Beinhard improvisator

Felespelaren Erlend Apneseth kallar seg ein beinhard folkemusikar som likar å improvisere.

Annonse
Jazz

 

Erlend Apneseth Trio

«Åra»

Hubro/Musikkoperatørene.

Det sa han i samband med det banebrytande albumet «Det andre rommet» i fjor. Då han fekk både Folkelarmpris i open klasse og ein spellemann-nominasjon.

Årets album heiter «Åra» (Hubro/Musikkoperatørene), den andre plata med bandet der han sjølv spelar hardingfele, Stephan Meidell på gitar og live sampling, og Øyvind Hegg-Lunde på trommer og perkusjon.

Han er jølstring, og platedebuterte på albumet «Jølstring», med eit stjernelag av ein folkemusikk-kvartett frå bygda.

«Blikkspor» kom i 2013, og mens eg skriv er bandet på reisefot, etter oppstart på den vesle Biermann garden, eit steinkast frå der eg bur i Oslo. Legg til far hans som er fotograf i meisterklassen, og mellom anna har laga ei eineståande analog foto-bok om bygda.

Attende på plata landar vi på låten «Lysne» og møter vi Bergen-poeten Erlend Nødtvedt som les sitt eige dramatiske dikt, etter å ha blitt henta til studio, og det vart eit take direkte, med ein baby på opplesarens arm, utan å ha høyrt låten på førehand.

Under Førdefestivalen i fjor framførde Apneseth tingingsverket «Nattsongar». Produsenten for den første plata var Arve Henriksen.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Apneseth framhevar Keith Jarrett som ei stor inspirasjonskjelde. Nils Økland, Sigbjørn Apeland, Terje Isungset og Karl Seglem høyrer til ein eigen «krins», og det er verkeleg ei særmerkt oppleving å høyre han spele med jazz og improvisasjonsmusikarar med namn som Meidell og Hegg-Lunde.

Erlend Apneseth er ein søkjande musikar frå eit miljø og ein stad som vil gå nye vegar med kunsten sin, som felespelaren Ola Kvernberg. Og som fortel om langvarige førebuingar på førehand.

Erlend Apneseth Trio er eit namn å rekne med i den rike floraen av musikk som ikkje er redd for å flytte grenser.

Annonse