Annonse
Møt våren med Håkon Mjåseth Johansen, Svein Olav Herstad og Magne Thormodsæter.

Balladane

Sommartid er balladetid, og pianisten Svein Olav Herstad med bandet sitt har levert balladeboka denne våren.

Annonse
Jazz

 

«The Ballad Book» (Curling Legs/Musikkoperatærene) er namnet, med Herstad på piano, Magnus Thormodsæter på bass og Håkon Mjåseth Johansen på trommer. I tolv år har trioen spelt saman, og dei gjer alltid stor lukke, med ein pianist vi godt kan høyre oftare. Å kalle det «balladeboka» er å leggje lista høgt, men med sitt enkle, vare, SAKTE tonespel, er Herstad ein av desse som kan trollbinde tilhøyrarane. Dei slår an tonen med «Through The Rain», ein vakker ballade signert bassisten Thormodsæter. Etter Randy Crawfords «One Day I’ll fly away» kjem platas «klassikar», «How Long Has This Been Going On» av George og Ira Gershwin.

Svein Olav Herstad Trio (SOHT) har turnert i mange land i dei tolv åra trioen har spelt saman. På denne plata reindyrkar trioformatet med stil, som på nok ein klassikar, «Skylark». Eit par bonus-låtar er med for dei som har gått vinyl, og uansett er «The Ballad Book» ein god mai-start.

Svensk Linjedalsleik

Den strålande plata «Linjedalsleiken» (Poncajazz/Musikkoperatørene) vart til då barytonsaksofonist John Pål Inderberg, som er heimekjend utøvar av folkemusikk både frå inn- og utland, fekk tid og rom til å spele med studentar frå jazzlinja i Trondheim. Der var også dei hardt arbeidande Håkon Mjåset Johansen (trommer) og Trygve Waldemar Fiske (bass). Det inspirerte til å starte Inderberg Trio, tilfeldigvis når Ella Fitzgerald ville ha fylt hundre år. Plata heiter «Linjedalsleiken», inspirert av ei spennande blanding av jazz og folkemusikk.

Kyoto mon Amour

«Kyoto mon Amour» (ACT Music) er nok ei frukt av det tyske plateselskapets 25-årsjubileum. Trommeslagar Erik Schaefer er ein framståande tysk jazzmusikar som har vore i austerveg, og to frå vest og to frå aust møtest på spennande album.

Annonse