Annonse
Bugge Wesseltoft ved Steinway-pianoet i Lofotkatedralen.

Alle elskar Bugges englar

For 20 år snødde det på Bugge Wesseltofts flygel. Ei engleplate vil bli elska av alle.

Annonse
Jazz

 

Bugge Weseltoft

«Everybody Loves Angles»

(ACT/Musikkoperatørene)

På «Everybody Loves Angles» (ACT/Musikkoperatørene) er tida atter mogen til ein oppfølgjer i Bugges rom, der han som ingen anna kan foredle musikkskatten frå den store rike songboka vår. Og meisterens versjon av «Bridge Over Troubled Water» er den som først grip meg om hjarterøtene. Godt oppvarma som vi er av den tyske folketonen «Es sungen drei Engels», der vi fornemmar Wesseltofts samstundes minimalistiske måte å søkje etter det inste i musikken.

Det høyrer med at for å få den rette inspirasjonen og nærleiken til den storslåtte naturen og klangen drog dei til Lofotkatedralen for å spele inn ein oppfølgjar på Steinway-flygelet der. Etterpå følgjer ein song som på plata berre heiter «Koral» av Johann Sebastian Bach, som vi salmekunnige kjenner att som salmen «Velt all in veg og vande».

Noko skal ein ha att for barnelærdomen, og takka er Jimi Hendrix’ «Angel», like himmelsk, enkelt og vakkert gjort som berre ein frelst kan det. Skrivet kallar det minimalistiske versjonar av salmar og folketonar, Bugge svarar med den to minutt lange «Reflecting» før Cat Stevens’ «Morning has broken». Men kva løyner seg bak namnet «Salme»? Ein vakker versjon av «Kjemp for alt som du har kjært», der namnet Christof Ernst Friedrich Weyse også er kredidert.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Bugge Wesseltoft kan gjere vakre songar endå vakrare. Det tenkjer eg under den strålande versjonen av Bob Dylans «Blowing In The Wind». Og vi etterpå får Mick Jagger og Keith Richards’ «Angie». Han har ein eigen måte å opne opp songane på som er hans. Når han spelar, gjer han det ikkje etter ein «fixed plan» står det i ein tankevekkjande kommentar på omslagsheftet. «Locked Out of Heavens» er nest siste song, før Wesseltofts versjon av The Beatles’ «Let It Be», som er til å døy av.

Bugge Wesseltoft er ein livgjevar, ikkje berre gjennom musikken, men og måten å vere på. Det er det han blir elska for, om han også er ein engel.

Annonse