Annonse
Duoen Yügen er med Håkon Aase t.v. og Marthe Lea, her med bassist Mats Eilertsen som er spesiell gjest på plata.

Afrikansk tibetansk

Saksofonist Marthe Lea og fiolinist Håkon Aase møtest i sjanger-overskridande duospel mellom aust og vest.

Annonse
Jazz

 

Plata heiter «Yügen» (Jazzland/Musikkoperatørene) etter namnet på duoen. Bassist Mats Eilertsen er invitert som gjest, og det var fleire som deltok i platesleppet for albumet på jazzklubben Kampenjazz denne veka.

Om ikkje alle orda i songane er til å forstå, var det eit spennande møte når duoen Yügen denne veka debuterte på plate og konsert. Både Lea og Aase er multi-instrumentalistar i det musikalske spenningsfeltet mellom afrikansk og tibetansk musikk. På debutantkvelden fekk vi også høyre dei i samspel med bassist Mats Eilertsen med fleire.

Dei studerte jazz og improvisasjon saman på Norges Musikkhøgskole, og er kvar for seg to markante utøvarar på sine felt. For Lea sitt vedkomande med ei «orientalsk» kvedarstemme, om den disiplinen finst.
Ein festkveld av det sjeldne vart det uansett på ein Kampenjazzkveld, der Aase også spela harmonium, mini-orgelet kantele. Eilertsen er ein bassist for alle tider, og om dei ikkje laga all musikk sjølv kunne dei by på ein Ligeti-komposisjon.

Albumet opnar med ein improvisert intro. Ein «blå kamel» signert Aase er inspirert av iransk tonespråk og intonasjon. Sidan får du oppleve «rabaso» som Lea har henta frå India og Ligeti si samling «Öt Arany-dal» (5 songar på dikt av János Arany) frå 1952. «Unis» er ein slags etyde der vokalen speglar fiolinen, både i intonasjon og tekstur. Dette har eg lese meg til der ein indisk tradisjons-snutt, vert etterfølgt av ein meir afrikanskinspirert komposisjon. Er du med? Albumet blir avslutta med ein lang meditasjon over ei tibetansk bøn, med røter i buddhismen blir det oss fortalt, på ein konsert der songaren Martha Lea er med oss heile vegen.

Det er meritterte musikarar duoen YÜGEN har sett saman til denne plata. Det er stor musikalsk spennvidde over bandet, som med «Refuge Prayer» avsluttar eit sterkt og vakkert album.

Annonse