Nye takter

Danielssons blå enger

Så vakkert det er, var det første tenkte under høyring Lars Danielssons «Liberetto» - eit nytt album frå ein stilskapar.

Lars Danielsson

«Liberetto»

ACT (Musikklosen)

Erik Johannessen

«Inkblots»

Gigafon 
(Musikk-operatørene)

Tone Åse/
Thomas Strønen

«Voxpheria»

Gigafon 
(Musikk-operatørene)

Liksom Danielssons armenske pianist Tigran er også vår eigen Arve Henriksen med i bandet, den naturlege arvtakaren etter at Nils Petter Molvær var med på det fantastiske «Libera Me», med eit tema som også går att på «Liberetto». Ingen kan vel spele «Hymnen» med større andakt enn Henriksen, men kva med armenaren Tigran som har komponert «Svensk låt». «Han høyrest meir svensk ut enn mine eigne låtar», seier bassist, cellist, komponist og arrangør Danielsson, som ved eit lukketreff møtte den nye pianisten sin rett før innspelinga. Med stemma si attåt framfører Tigran også ein armensk folketone på dette albumet. At E.S.T.-trioens trommeslagar Magnus Öström no er med i bandet, er oppfyllinga av eit ønskje frå Danielsson, som på gitar har med sin gamle medspelar frå albumet «Tarantella», John Parricelli.

Bandet er komplett, og vi kan vie oss heilt til eit nytt album frå komponisten og musikaren som med tittelen «Liberetto» signaliserer ein slags tråd. Det treng du ikkje tenkje på, for uansett lyser det ein heilskap gjennom dette utruleg vakre albumet, der «Ahdes Theme» åleine er verd ein allsong. Tigran og Arve Henriksen slår an tonen på opningssporet «Yerevan», og på det tolvte sporet tonar albumet ut med «Blå Ängar», alt i anden til ein musikar og komponist som sjølv er ein stor solist på både bass og cello. Som har ei formidabel merittliste ikkje minst i kvartett med Dave Liebman, og som på ACT Music har levert perler på rad, med den polske pianisten Leszek Mozdzer på «Pasodoble», med «Melange Bleu» og «Salzau Music On The Water», spelt inn på flytande underlag ein årle morgon. Og som har medverka også som produsent med den koreanske vokalisten Youn Sun Nah, med mykje meir.

Vi kan berre skumme toppane, men her gjeld det «Liberetto», der Lars Danielsson har signert endå eit komplett album med gullskrift.

Trombone

Frå bandet Lord Kelvin veit vi at trombonist Erik Johannessen har sans for både realfag og andre fag, lista er lang over band han har spelt med innan jazz, rock og pop og når han gjev sitt første album «Inkblots» i eige namn, kallar han det ei fri jazzplate med både komponert og improvisert materiale, inspirert av både fast og åndeleg flytande materie i fleng. Med Jon Strømme på bass, Erik Nylander på trommer og forbildet Øyvind Brekke som gjest på «Whale Song Sing-Along», «Jeff Smax» og Bill Frisells vakre «Egg Radio» leverer han eit forrykande debutalbum prega av stor musikalsk spennvidd. Det opnar med trombonisten som både blåsar og stemme, så triospel i stort tempo, her er det fritt, der er det melodiøst vakkert, her talar musikarane med horna til kvarandre, alltid på hogget, lyttande, i vekslande grad av «fridom». Det fint musikarvitsar også om trombonistar, men det står mest respekt av hornet som frå Jack Teagarden og J. J. Johnsons dagar for alvor gjorde sitt inntog i jazzen. Med ballast frå Jaga Jazzist, Magic Pocket, Denada, Trondheim Jazzorkester med meir framstår Johannessen med tyngd, i samspel med musikantar som gjer «Inkblots» til eit gjennomført produkt.

Romjazz

Det kunne ha vore ein ny galakse, men «Voxpheria» blir lansert som det lydlandet som blir skapt når dei elektroakustiske improvisatorane Tone Åse og Thomas Strønen møtest. Åse som ein gong var med på å starte Kvitretten, som er leiande i Trondheim Voices og har sitt eige band Bol, har vore ei viktig stemme i vokal improvisasjon, her og der også i musikalsk slekt med Sidsel Endresen i måten å skape sitt eige vokale språk på. Strønens trommerepertoar har lenge vore både akustisk og elektronisk, ikkje minst gjennom duoen Humcrush, og her møtest to utøvarar i eit konglomerat av sonisk utfalding, på nokre av spora med dristig bruk av tekstar frå E.E. Cummings, ofte brukt av vokalistar, og vår eigen Rolf Jacobsen, i ei setting han ikkje opplevde, men som han sikkert ville tykt om. Sterk stigning er det ute i rommet, før duoen går inn for mjuk landing på «Dive for Dreams».

Mer fra: Nye takter