Annonse
Skaper PRess: Mange familiar slit fordi ein av medlemane praktiserer Visjon Norges «såing og hausting»: Gi fordi du vil ha – suksess eller problemløysing, skriv innsendarane. FOTO: NTB SCANPIX

Breva frå predikanten

Annonse
Lokale nyheter

Folk reagerer på tiggebrev – frå TV Visjon Norge, meldte Drammens Tidende måndag før påske. Sjølv om kanalen pyntar brevarket med bibelord, må dette kunne kallast pengepress sett i system.

DT viste til aktivitet på Facebook-sida Nei til Visjon Norge. Som tidlegare ansvarleg for denne sida har den eine av oss sett ein del slike tilfelle: Folk blir opprørt når dei ser brev ein gammal forelder, ein mentalt sliten ung idealist eller ein annan sårbar person har fått. Når brevet er signert ein riking, er ei bøn om pengar og han bruker ord som «krise», er det då rart folk blir sinte?

Det verste er kanskje ikkje at breva blir sendt – men at mange på mottakarlista alt har gitt masse pengar. Vi kjenner personleg til fleire av desse. Nokre har òg slutta å gi, men får likevel slike formaningar i postkassa. Kor frivillig det er å gi, er høgst diskutabelt. Er du i ein sårbar fase, har tankekøyr, er på leit i åndelege spørsmål og får servert «enkle løysingar», kan «pengeplanting» i «Guds innhaustingsmaskin» verke logisk nok. Trist, men sant. Vi veit om fleire familiar som slit fordi ein av medlemane praktiserer Visjon Norges «såing og hausting»: Gi fordi du vil ha – suksess eller problemløysing. Familiemedlemen, av og til prega av angst, tvangstankar og nedsett dømmekraft, trur at eit pengefrø til Visjon Norge er ein slags livsens universalnøkkel.

Vi som står bak dette innlegget, har eit kristent livssyn. Vi meiner det er ukristeleg å prøve å kjøpe helse, hell eller Guds velsigning med pengegåver til ein TV-pastors eigedomsimperium. Det å lokke folk til å gjera sånt, er umoralsk. For nokre blir kanalen nesten som eit rusmiddel – eit kunstig narkotikum ein ikkje treng. Slik har den bekymra dottera til ein givar skildra det. Mora såg seg tvungen til å donera pengar – for rus, mot helvetesfrykt. Fordi dei koselege programleiarane seier ein må «strekke trua si». Og så får dei jo så fin musikk på kanalen (musikk dei riktig nok kan høyre på radio og nett, heilt gratis ...). For slike familiar kan tiggebreva bli ei mild form for terror.

Det er ikkje slik at alle med nedsett vurderingsevne blir fanga opp av helsevesenet, får konstatert demens eller får hjelp av programmet «Luksusfellen». Nokre gir langt over evne … av og til med heimesjukepleiar eller annan hjelpar som eit bortimot hjelpelaust vitne.

Ansvarleg for Visjon Norge, og for handskrifta som blir trykt på tusenvis av tiggebrev, er Jan Hanvold. Drammensaren kom i hardt vêr i fjor i samband med dokumentaren «Pengepredikanten». I tillegg til å klage NRK Brennpunkt (som stod bak dokumentaren) inn for Pressa sitt faglege utval, syt Hanvold over pressa generelt. Media er fæle greier, synst Hanvold – sjefredaktør for mediet Visjon Norge.

Mediamann Jan Hanvold liker forresten å dra til USA. Minst éin gong i året. Har han vurdert å moderera seg når det gjeld slike sekundærbehov? Eller vil han fortsette å la luksuslivets tusenlappar fly? Trass i alt kan han jo få ein flokk minstepensjonistar til å betale for kanalen.

TV Visjon Norge sender også ut eit nyheitsbrev. Skjønt, nyheiter ... Innhaldet er så alternativt at flukt frå verkelegheita passar betre. I nyheitsbrevet – «Rapport» – i mars uttrykker Hanvold at han ikkje les kva journalistar skriv om han. Han skriv òg at han er blitt forfølgd og hengt ut av journalistar som skriv om han ... På side 3 i «Rapport» blir det ofte oppfordra til å gi pengar. I februarnummeret har Hanvold utstyrt denne appellen med bibelvers: «Send ditt brød bortover vannet, for i tidens løp skal du finne det igjen» (Forkynnaren 11,1).

Det er ikkje første gongen Visjon Norges sjef riv bibelvers ut av kontekst på den måten. Det blir nok heller ikkje den siste.

Derimot kan det ha vore siste dropen for ein del fortvilte familiar. Og for ein del konservative og liberale kristne, som er lei av frekk fundamentalisme.

Dagsavisen Fremtiden har vært i kontakt med Jan Hanvold i Visjon Norge, men han ønsker ikke å kommentere innlegget.

Annonse